• Start
  • Tenester
  • Gode råd
  • Prisar
  • Om oss

Bli-ny-dag

Bli-ny-dag er ein full "helsesjekk" og behandling, der vi går gjennom maskina frå topp til tå. Ved å sjekka maskina ein gong i året, forlengjer ein maskina si levetid. Skadde filer i operativsystemet kan oppdagast før harddisken vert øydelagd. Det vert ofte litt betre plass på maskina, og ho kan òg opplevast som litt raskare.

Det er også bli-ny-dag som må til dersom du har fått virus eller anna skadeleg programvare på maskina. Ofte har slike angrep infiltrert maskina såpass at ein lyt gå grundig gjennom maskina for å sikra at ein har fått vekk alt saman. Les meir på sida vår om skadeleg programvare.


Bli-ny-dagen inneheld mellom anna:

Fjerning av støv innvendig

Støv er brannfarleg. Viftene arbeider ikkje effektivt med støv inni og lagar i tillegg bråk.

Grundig sjekk av alle komponentar

Førebyggjande tiltak for å sjekka at delane i maskina ikkje er (på veg til å bli) øydelagde.

Fjerning av unødvendige filer

Når ein surfar på Internett, lagrast mellombelse filer på maskina. Desse tek plass. Vi ryddar også i registeret for å fjerna lekkjer til program og filer som ikkje lenger er på maskina.

Oppdatering av antivirusprogrammet

Dersom det finst antivirusprogram på maskina, vert det oppdatert og maskina vert skanna. Dersom det ikkje finst antivirusprogram, installerer vi AVG Antivirus eller det som kunden måtte ønskja.

Fjerning av all skadeleg programvare

Sjølv om ein har Norton eller eit anna sikkerheitssystem, kjem det inn trojanarar og spionprogram på maskina. Det er ikkje alltid ein oppdagar dette sjølv, fordi nokre av spionprogramma er laga slik at dei ikkje skal oppdagast. Les meir på sida vår om skadeleg programvare.

Stresstesting av systemet

Defragmentering av harddisk

Når filer vert brukte, vert dei delte opp i små delar og spreidde rundt på maskina. Defragmentering ryddar opp i dette rotet slik at det vert enklare og raskare for maskina å finna filene.

Oppdatering av programvare

Operativsystemet og andre program og drivarar vert oppdaterte til nyaste versjon.

Sjekk av minne og harddisk

Dersom det er for lite minne på maskina, kan vi installera meir. Om harddisken vert full, kan maskina ikkje arbeida skikkeleg. Det kan derfor vera lurt å flytta over musikk eller bilde til ein cd- eller ei dvd-plate.

Til toppen