• Start
  • Tenester
  • Gode råd
  • Prisar
  • Om oss

Klargjering av ny maskin

Når ein har kjøpt seg ny datamaskin er ho sjeldan heilt klar til å takast i bruk med ein gong. Maskina lyt tilpassast brukaren og oppdaterast sidan ho ofte har vore lagra ei stund etter installasjon.

Vi gjer dette for deg:

  • Internettoppkopling og e-postoppsett
  • Overfører e-post, dokument og favorittar frå den gamle maskina
  • Installerer og oppdaterer antivirusprogram
  • Installerer digitalkamera, skrivar, stiller inn skjermen
  • Installerer alle program du treng for å bruke Internett, t.d. Flash, Java, Acrobat...
  • Oppdaterer Windows
  • Installerer Office-pakka eller OpenOffice dersom det er ønskjeleg

Til toppen