• Start
  • Tenester
  • Gode råd
  • Prisar
  • Om oss

Ny datamaskin

Vi byggjer og sel datamaskiner tilpassa behova dine, anten du vil ha ei spelmaskin, ei kontormaskin eller ein bildebehandlar, eller om ho skal vera liten eller bruka lite straum og vera støyfri. Vi sel også skrivarar og anna tilbehør.

Når ein skal kjøpa datamaskin, kan ein tenkja litt over kva maskina skal brukast til, t.d.

  • Surfing og e-post
  • Spesielle spel
  • Video- eller bilderedigering
  • Spela musikk eller film
  • Multimedia - stue-pc
  • Trong for lagringsplass (t.d. bilde eller musikk)
  • Backup-løysing

Tilkopla tv-en saman med trådlaust tastatur kan du få ei super spelmaskin.


Berbar eller stasjonær?

Dersom du ikkje skal bera rundt på datamaskina, er det høgare kvalitet og meir valuta for pengane i ei stasjonær datamaskin. Ho treng heller ikkje ta mykje plass - det finst bra pc-ar i storleik med ein ringperm.

Fordelar berbar:
Kan takast med på reise
Kan flyttast rundt i heimen
Ulemper berbar:
Må ladast
Ømtolig - det skal ikkje mykje til for at harddisken eller skjermen ryk
Dårleg arbeidsstilling
Berre minne og harddisk kan bytast ut
Fordelar stasjonær:
Enklare å fornya og tilpassa
Enklare å reparera dersom ein del ryk
Meir valuta for pengane
Ordentleg tastatur og mus
Betre arbeidsstilling
Kan òg koplast opp trådlaust
Treng ikkje å vera stor
Ulemper stasjonær:
Kan vera vanskeleg å ta med seg

Til toppen