• Start
  • Tenester
  • Gode råd
  • Prisar
  • Om oss

Reparasjon

Plutseleg luktar det svidd, du får blå skjerm, maskina startar ikkje i det heile, du får meldingar om feil på operativsystemet. Det kjem rare lydar. Då er det trong for reparasjon.


Lønner det seg å reparera ei datamaskin?

Stasjonære maskiner

Ei stasjonær maskin kan opnast og plukkast i delar. Det er derfor enkelt å byta ut skadde delar, for eksempel vifter, straumforsyning eller cd/dvd-eining. Dersom hovudkortet er øydelagt, vert det ein litt større operasjon då to-tre andre delar òg må bytast ut for at alt skal passa saman. Detta let seg gjera, og maskina vert sprekare og meir moderne attpåtil.

Berbare maskiner

Berbare maskiner er ikkje laga for å opnast. Minne og harddisk er enkelt å byta, og vi har også bytt skjerm og såkalla inverter på maskiner. Men dersom maskina har falle i bakken og delar inni har fått ein sprekk eller er øydelagde, er det betre å fyrst sjekka kva som vert dekka av garantien. Detta kan vi finna ut av. Hugs òg at andre verkstader ofte slettar harddisken, så vi kan ta kopi før du sender han av garde.

Harddiskar

Nokre gonger kjem det rare lydar frå harddisken. Slå av maskina og kontakt verkstad fortast mogeleg. Ein harddisk som har ein fysisk feil, må som regel sendast austpå, og kostnaden for å få ut data (bilde, dokument…) vert mellom kr 8 000,- og 12.000.-. Hugs difor også å ha kopi av det du ikkje har lyst å mista, på cd/dvd og på ekstern harddisk.

Tastatur

Dersom ein tast ikkje verkar, kan det ha kome rusk og rask i tastaturet. Ofte er det nok å reinska litt. Dersom det har kome væske i tastaturet, kan det gå an å fjerne, såframt det ikkje har øydelagt elektronikken. Når væska har turka, vert ho til støv som gjerne flyttar på seg, så det er ein god idé å fjerna det med ein gong. Det går an å byta heile tastaturet på ei berbar maskin.

Til toppen